Kor kan eg sove?
Vi organiserer overnatting til alle!
Så snart vi veit kven og kor mange som kjem, vil du høyre frå oss med eit forslag. Vi forsøker å plassere gjestar etter kva behov dei har og kven dei kjenner frå før.
Sjølv om vi er veldig glad for at de kjem, har vi nok ikkje råd til å dekke overnatting for alle samans.
Kor er Eresfjord?
Eresfjord virker bra, kan eg få vite meir?
Korleis kjem eg meg dit?
Ein kan nytte både fly, tog, buss eller bil.
Fly
Molde lufthavn Årø er den beste staden å lande. Derifra kan ein ta buss til Eidsvåg og bli henta der, eller kanskje du er heldig og får sitte på med nokon frå Molde?
Tog
Med tog er Åndalsnes det næraste alternativet. Derifrå kan ein ta buss til Åfarnes og bli henta der, eller så kjem det kanskje nokon køyrande frå Oslo som er på veg innover.
Det går også an å ta toget til Oppdal og sitte på med nokon som er på veg frå Trondheimstraktene, eller ta bussen til Sunndal eller Eidsvågen.
Buss
Frå Trondheim er buss det beste kollektive alternativet. Det går direktebuss frå Trondheim S til Eidsvåg, kor du kan bli plukka opp. Busstilbodet i Møre og Romsdals er drifta av FRAM.
Bil
Kjem du køyrande frå Oslo er det berre å følge E6 nordover (forbi Alna og Lørenskog, ikkje i retning Sverige). Du vil passere både Hamar, Lillehammer og Otta før ein kjem til Dombås. Der tar ein av på E136 i retning Åndalsnes, fortsett gjennom Åndalsnes i retning Nolde. Når ein kjem til Åfarnes må ein ikkje ta ferga, men heller følge 60-sona i retning Eresfjord. Etter kvart blir det skikkelig bratt over Vistdalsheia, men når ein er på toppen der ser ein ned i Eresfjorden.
Frå Trondheim køyrer du Oppdal–Sunndal–Eidsvåg og tar av til venstre rett etter bensinstasjonen. Følg fjorden innover til du er framme.
Køyrer du frå Vestland fylke vil vi ønske deg lykke til på vegen. Dette klarer du.